Oppsøkande tenester som kommunen sitt sikkerhetsnett for dei unge

Ungdom vil ikkje vere problema sine, men opplever ofte at hjelpesystem berre ser diagnosar og problembarn. Ressursorienteringa til utekontakten skapar meiningsfulle samarbeid som gjev resultat.

En kvinne
RESSURSORIENTERING: Olin Blaalid Oldeide fann at utekontakten er gode på ressursorientering.

Publisert: 08 oktober 2024

Skrevet av: Anna Owusu Stenersen

Rusførebyggjande arbeid var tema for Olin Blaalid Oldeide si doktorgradsavhandling. Ho følgde Utekontakten i Bergen og vart kjend med dei og ungdommane dei jobba med.

Kva gjorde mest inntrykk på deg då du snakka med utekontakten og ungdommane?

Det mest slåande eg fann var at ungdommane misliker korleis hjelpesystema ser på dei. Dei opplever at nesten alt handlar om problema deira. Dei er lei av å bli sett på som diagnosane frå legen og psykologen eller som problembarnet på skulen. Det var og gripande å høyre kor viktig utekontakten var i liva til desse unge, fortel Oldeide, som jobbar som førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen.

Utekontakten vart ein plass der dei var akseptert, opplevde omsorg og meistring.

Olin Blaalid Oldeide

Oldeide argumenterer for at denne måten å nærme seg ungdommane på, gjorde at dei fekk tillit til hjelparane og kjende seg myndiggjorde.

Ved å byggje tillit til ungdommane på deira arenaer er utekontakten i stand til å samarbeide med andre tenester på vegne av ungdommane for å skape eit sikkerhetsnett mellom det ungdommane opplev som fragmenterte tenestar.

Ressursorientert tilnærming

Oldeide er utdanna innan helsefremjande arbeid, og er oppteken av korleis vi kan styrkje helsa i eit samfunn – og ikkje berre korleis ein kan førebyggje samfunnsproblem.

Eg meiner at oppsøkande arbeid har fleire fellestrekk med dette fagfeltet, svarar Oldeide på spørsmålet om kvifor ho byrja å interessere seg for oppsøkjande arbeid.

...det mest grunnleggande med utekontakten sin framgangsmåte er den ressursorienterte tilnærminga i auga til ungdommane, som vekker tillit og bidreg til å fremme empowerment.

Olin Blaalid Oldeide

Oldeide påpeikar at evna til utekontakten til å «empower» – eller myndiggjere – ungdommane, bidreg til å hjelpe dei slik at dei klarer å medverke og delta i møte med dei ulike tenestene:

Det å fokusere og arbeide med ressursane til kvar enkelt er noko alle som arbeider med born og unge kan gjere meir av. Det gjer også at utekontakten kan hjelpe å navigere i velferdstenester for ungdommar som dei er avhengig av men slit med å finne fram i, seier ho.

Oppsøkande arbeid som sikkerhetsnett


På kva måte tenkjer du at oppsøkande metodikk kan bidra inn i kommunane sitt førebyggjande arbeid?

Det er nokre strukturelle forhold som gjer at utekontakten og oppsøkande tenestar lettare kan ha ei rolla som sikkerhetsnett i ein kommunal organisasjon, forklarer Oldeide. -Blant anna er den lausare organisert, med eit friare mandat enn lovpålagte tjenester.

Oldeide argumenterer for at måten oppsøkande tenester er strukturerte på, forsterkar den fleksible rolla som utekontakten kan ha som bakkebyråkrat:

Dei oppsøkande sosialarbeidarane beskriver eit mandat til å gå på tvers av strukturar og ei evne til å handle på behova til ungdommane og ta initiativ til nye prosjekt som kryssar organisatoriske siloar.

Nettopp dette med å arbeide på tvers av siloane i hjelpeapparatet er viktig i arbeidet med menneske med samansette behov – som ofte er tilfellet for ungdommane dei oppsøkjande tenestene møter. Oldeide påpeikar at oppsøkjande arbeid difor kan vere ein viktig del av ein kommunal organisasjon.

Oppsøkande arbeid kan fungere som eit sikkerhetsnett for andre tenester.

Olin Blaalid Oldeide

Alle kommunar skal ha førebyggjande arbeid

Oppvekstreforma krev at alle kommunar pliktar å ha førebyggjande arbeid. Det er ulikt korleis kommunar løyser dette, og ulikt kva ein forstår med førebyggjande arbeid.

Oldeide peikar på at ei utfordring i det førebyggjande arbeidet kan vere eit einsidig fokus på problem – som potensielt kan gå på kostnad av eit helsefremjande perspektiv. Ho meiner at oppsøkjande arbeid kan svare ut nokre av utfordringane ein står overfor i det førebyggjande arbeidet, ved at det er ei sterk ressursorientering i oppsøkjande metodikk:

– Då tenker eg særleg på evna til å skape medverking og tverrfagleg samarbeid i møte med fragmenterte tenester retta mot unge. Då vert den friare rolla i hjelpeapparatet viktig.

KORUS har fått midlar frå Helsedirektoratet til å styrkje og utvikle oppsøkjande metodikk i heile landet. Korleis tenkjer du at oppsøkjande arbeid kan vere nyttig, også i dei mindre kommunane rundt om i landet?

Oppsøkande arbeid inneberer ein evne og vilje til å skape meiningsfulle samarbeid med den ein skal hjelpe som treffer dei der dei er. Det er ein metodikk som vil vere teneleg også i mindre kommuner og for andre tenester.

Oldeide minner om viktigheita av å få med kommunane i utviklingsarbeidet for å skape tilpassa løysingar i dette arbeidet, og ikkje minst innhente kunnskap frå dei unge sjølve om kva dei ser som sine behov. Til slutt har Oldeide eit siste ønske til fagfeltet:

– Eg ynskjer at vi også legger vekt på å fremme helse i dette arbeidet med førebyggande arbeid. Det inneberer at ein ikkje driver med eit einsidig fokus på problem, men at ein arbeidar på tvers av tjenester for å fremme helse og trivsel.