KORUS Bergen søker ny leiar!

Vil du leie eit fagmiljø som set spor – og bidra til å utvikle rusfeltet i Vestland og nasjonalt? 

Bilde av Haakonsgaten 1

Publisert: 20 august 2025

Skrevet av: Thomas Anthun Nielsen

Vår dyktige leiar går av med pensjon, og vi ser etter deg som ønsker å bruke leiarkompetansen din til å skape retning, engasjement og kvalitet i eit fagfelt i rask utvikling. 

KORUS Bergen (Kompetansesenter for rusfeltet) er eit regionalt kompetansemiljø med brei fagleg spennvidde og tydeleg samfunnsoppdrag. Vi jobbar for å styrke kunnskap og kvalitet i rusførebygging, tidleg innsats, behandling og oppfølging – i tett samarbeid med kommunar, spesialisthelseteneste og andre regionale og nasjonale aktørar. Vi er ein del av Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen og har oppdrag frå Helsedirektoratet.