Ung Rus Oppdagelse (URO)

Ung Rus Oppdagelse (URO) er eit gratis lågterskeltilbod som skal gjere det enklare for unge mellom 15 og 25 år å kome i kontakt med behandlarar innan rusmedisin i spesialisthelsetenesta for dei som høyrer til Helse Bergen sitt nedslagsfelt. 

URO skal gi lettare og raskare tilgang på hjelp for rusproblem i spesialisthelsetenesta.
Tilbodet gjeld unge i alderen 15-25 år som har det vanskeleg og bruker alkohol og / eller andre rusmiddel. URO-teamet er lett tilgjengeleg på telefon, og det er ikkje nødvendig med tilvising frå fastlege eller NAV for å få ein samtale. Vi jobbar ambulant, som betyr at vi kan møte dei unge der dei føler seg komfortable og trygge. Første samtale skal skje så fort som mogleg etter kontakt, og helst innan ein til to virkedagar.

Også de som er bekymra for nokon, kan ta kontakt med oss om det er noko de lurer på.

Du kan ringe/eller sende sms til oss på telefon 415 24 141  frå 08:00 til 15:30 alle kvardagar.
Tilbodet er gratis. 

Les mer om URO

Klikk på lenken under for å lese mer om URO

Informasjon om URO